Viser innlegg med etiketten aksjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten aksjon. Vis alle innlegg

lørdag 5. november 2011

Globalaksjonen

5. november hadde Bergen ICY, saman med frivillige frå UV-miljøet elles, bøsseinnsamling til Globalaksjonen i Bergen sentrum. Globalaksjonen er KFUK-KFUM Global sin årlege aksjon, og i år som i fjor går dei innsamla midlane til våre partnarar i KFUK og KFUM på Madagaskar. Dei jobbar med ungar og vaksne i slummen i Antananarivo, med skule, helsetenester, mat til skuleungane og oppfylgjing av foreldra deira. Målet er 1,5 millionar i løpet av to år - bergensarane bidrog i dag med 5500,- på veg mot det målet.

 Alice og Einar på Torgallmenningen - i godt humør trass veret.

 Einar var nøgd med innsamlinga

Bøssebærarane samla til kake på Ynglingen etter eit par timar i regnet.
Frå venstre: Cecilie, Maria, Heidrun, Alice, Ester og Einar. 

Foto: Mari