mandag 29. juni 2009

Siste dag før reisen!

I morgon tidleg dreg vi! Det er spanande, skummelt og gledeleg å tenkje på. Akkurat no stressar eg med pakkinga; "Kva skal eg ha med og kva skal eg ikkje ha med?" Det er mykje som skal gjerast før ein dreg på ein slik tur og stresset byggjer seg opp. Tankane svirrar rundt alle aspekt ved turen og spenninga stig og stig i meg for kvar dag som går. Tenk at vi snart skal komme til Jerusalem, Betlehem, Beit Sahour, Nasaret og Dødehavet. Vi skal oppleve, reflektere over og sjå på nært hald korleis menneske har det og lever i dette konfliktfylte området. Samstundes skal vi glede oss over møte med nye menneske og det nydelege landet vi skal vitje. Eg kjenner sommarfuglane flakse rundt i magen min. Dette vert ein bra tur!

4 kommentarer:

  1. God tur alle saman! Eg kjenner eg er både litt misunneleg, og litt glad for at det ikkje er eg som skal stressa med reising og pakking... men om ein dag eller to har nok minunninga teke overhand.
    ta vare på kvarandre, og lær masse! bilete veit eg de tek, og historiane reknar eg med å få høyra.
    Luv y`all!

    SvarSlett
  2. Takk, Mari!
    Vi skal ta vare på kvarandre og fortelle deg historier og vise deg bilder. Kan ikkje love noko om når dei kjem her på bloggen, men vi skal prøve så hardt vi kan.
    God sommer i Norge!

    Klem

    SvarSlett
  3. Nå må dere se å oppdatere snart! Vi her hjemme DØR etter å høre hva dere opplever! Hehe :-)

    SvarSlett