torsdag 17. november 2011

Internasjonal mat

Maria, Einar, Agnete, Heidrun og Magnhild
Kveldens ICY-møte var via maten og selskapet. Internasjonal mat sto på menyen, så det vart thailandsk suppe og fransk-norsk dessert, og mykje prat rundt bordet. Takk for ein kosleg kveld!

lørdag 5. november 2011

Globalaksjonen

5. november hadde Bergen ICY, saman med frivillige frå UV-miljøet elles, bøsseinnsamling til Globalaksjonen i Bergen sentrum. Globalaksjonen er KFUK-KFUM Global sin årlege aksjon, og i år som i fjor går dei innsamla midlane til våre partnarar i KFUK og KFUM på Madagaskar. Dei jobbar med ungar og vaksne i slummen i Antananarivo, med skule, helsetenester, mat til skuleungane og oppfylgjing av foreldra deira. Målet er 1,5 millionar i løpet av to år - bergensarane bidrog i dag med 5500,- på veg mot det målet.

 Alice og Einar på Torgallmenningen - i godt humør trass veret.

 Einar var nøgd med innsamlinga

Bøssebærarane samla til kake på Ynglingen etter eit par timar i regnet.
Frå venstre: Cecilie, Maria, Heidrun, Alice, Ester og Einar. 

Foto: Mari