5. november hadde Bergen ICY, saman med frivillige frå UV-miljøet elles, bøsseinnsamling til Globalaksjonen i Bergen sentrum.
Globalaksjonen er KFUK-KFUM Global sin årlege aksjon, og i år som i fjor går dei innsamla midlane til våre partnarar i KFUK og KFUM på Madagaskar. Dei jobbar med ungar og vaksne i slummen i Antananarivo, med skule, helsetenester, mat til skuleungane og oppfylgjing av foreldra deira. Målet er 1,5 millionar i løpet av to år - bergensarane bidrog i dag med 5500,- på veg mot det målet.
Alice og Einar på Torgallmenningen - i godt humør trass veret.
Einar var nøgd med innsamlinga
Bøssebærarane samla til kake på Ynglingen etter eit par timar i regnet.
Frå venstre: Cecilie, Maria, Heidrun, Alice, Ester og Einar.
Foto: Mari
Kjempebra ICY =)
SvarSlett