I dag har vi ogsaa vore paa garden og jobba paa marken. Varmen slo oss litt meir i dag, men heldigvis kom det eit lite vindpust her og der!
Grunna kloakklekasjen fra bustninga til inn paa aakeren til bonden, hadde han ringt dei israelske myndighetene, eller det israelske politiet, slik at dei skulle komme for aa dokumentere kva som hadde skjedd og samle bevis. Etter lunsj kom dei. Dei prata litt med bonden og kjoerte ned eit stykke mot aakeren. Men der stoppa dei. Soldatene stilte bonden nokre spoersmaal og saa dro dei igjen. Dei var ikkje interesserte i aa finne ut av kva som hadde skjedd eller aa hjelpe han; dei ville berre ha sitt paa det toerre ved aa kunne sei at dei hadde vore der. Etterpaa fortalde bonden at soldatene ogsaa hadde trua han med aa sei at dei skulle ta ifraa han elektrisiteten, telefonen og vatnet. I tillegg fortalde dei han at han burde flytte over paa andre sida av dalen for dei skulle snart likevel stenge av dette omraadet slik at det verken var mogleg aa komme inn eller ut for palestinere. Soldatene gjorde det svaert klart for bonden at han ikkje var oenskja der, paa sin eigen mark!
Fram til dette hendte var det ein veldig hyggeleg dag, men stemninga falt ganske drastisk etter at soldatene hadde vore der. Eg kunne sjaa oppgittheten og fortvilelsen i andleta til begge broedrene som eig garden. Han eine fortalde baade meg og dei andre fleire fryktelege historier som han og familien har opplevd. Historiene var vonde, men likevel bra aa hoeyre, for det gaar meir inn paa ein om ein hoeyrer slike opplevingar fraa dei som faktisk har opplevd dei. Inntrykka vert sterkare for meg ved aa vere der naar det skjer (som daa soldatene kom), ved aa sjaa det (kloakklekasjen fraa busetninga) og ved aa hoeyre det direkte fraa dei som vert utsatt for det.
Dagen har vore kjekk, trist, deprimerende, sinnevekkjande og tankjevekkjande. Eg er no meir klar over kor viktig det er aa vere her og sjaa korleis den vanlege palestiner har det og korleis dei vert behandla, eller mishandla. Det er svaert viktig at flest mogleg vert meir klar over dette slik at palestinerne etter kvart forhaapentlegvis kan faa det betre ved at verden protesterer paa situasjonen slik den er no, og at palestinerne ikkje lenger vert undertrykt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar